Kløyving og hogging.

Ivar, Robert og Henning som var med denne veka og hogde og kløyvde. Foto: Siv K. Holmin

Ivar, Robert og Henning som var med denne veka og hogde og kløyvde. Foto: Siv K. Holmin

Kløyving vart brukt for å få fleire emne av ein stokk. Raulandsloftet på Folkemuseet skal få nytt tak og skal ha tro av halvkløyvningar hogd ned til 2 3/4″ tjukk tro. Eg vart spurd om å bidra i denne samanhengen, sidan eg har arbeidd ein del med dette. Både kløyving av ganske stort virke og hogging, sokalla glepphogging, av bord.

Vi har hatt ei samling tidlegare og andre samlinga hadde vi på Folkemuseet 9. -13. mai. På denne samlinga hogde vi ferdig tro av halvkløyvingane frå forrige gong og kløyvde nye stokkar til meir tro. No fekk vi høve til å prøve fleire/andre økser. I hovudsak prøvde vi å hogge lenger periodar med kvar øks for å bli ven med den og sjå kva spor den laga ved ulik hogging, teknikk, arbeidsmåte, fokus, arbeidstillingar m.m.

Dette innlegget vart posta under Glepphogging, Kløyving. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget